Næringsutvikling innanfor STN- området på 2000-talet

Čállit: 
Sigrid Skålnes
Kategoriija: 
Ealáhus
Almmuhanjahki: 
2014
Šládja: 
Artihkal

Korleis kommunane innanfor STN-området nord for Saltfjellet utviklar seg med tanke på sysselsetting og befolkning er tema for denne artikkelen. Åra som blir vektlagde er først og fremst frå 2003-2013. heile dette området har opplevd befolkningsnedgang desse åra. Nedgangen har vore langt større i fjord- og kystkommunar enn i innlandskommunar. I same tidsrommet har store deler av området likevel opplevd sysselsettingsauke. Innslaget av arbeidspendling ut frå kommunane er varierande, og høgt for kommunar nær større bysentra. I underkant av halvparten av dei sysselsette innanfor STN-området er sysselsette innanfor offentleg sektor, og det har vore større auke i sysselsetjing innan offentleg enn privat sektor i perioden 2003-2012. Helse- og sosialtenester utgjer først og fremst den store gruppa innanfor offentlege arbeidsplassar, og ei gruppe som sysselset eit aukande tal arbeidstakarar år for år. Dette gjeld for alle dei seks regionane innanfor STN-området. For andre deler av offentleg sektor, som undervisning og offentleg administrasjon har det vore ei klar nedbygging det siste tiåret, dels knytt til nedbygging av kommunal sektor på grunn av redusert folketal, og dels knytt til nedbygginga av forsvaret. Den generelle nedbygginga av statleg forvaltning verkar sterkare enn det som har vore av oppbygging av offentleg forvaltning, og då først og fremst av samisk forvaltning. Innan privat sektor viser utviklinga samla sett negative tal både for fiske, industri og, og landbruk og reindrift, sjølv om det har vore vekst i nokre få deler av STN-område. Befolkningsutviklinga har vore negativ i heile perioden, og vekst er framover avhengig av innvandring. Kommunar med størst innvandring og minst avstand til større og varierte arbeidsmarknader enn i sjølve kommunen er truleg dei som vil klara seg best i åra framover.